Praksis skal vere ein integrert del av alle faga i grunnskulelærarutdanning 1-7. Praksis skal vere relevant for, og integrert i, alle fag, og er å sjå på som ein læringsarena på lik line med undervisning på høgskulen. Alle studentar skal få undervise i fag dei har hatt opplæring i på høgskulen, samtidig som praksis skal gje erfaringar med alle faga elevane har. Deltidsutdanninga for grunnskulelærarutdanning 1-7 har 100 dagar praksis fordelt på 5-6 år. På denne sida finn du informasjon om rammer, retningsliner, organisering og diverse skjema til bruk i praksisopplæringa:

Om du har spørsmål knytt til praksis for GLU 1-7 deltid kan du ta kontakt med:
Studieleiar for grunnskulelærarutdanningane  Anne Christine Aandahl ,prosjektleiar og kullkoordinator for deltid  Elisabeth L. Sørdal, studiekonsulent Elin Siglen eller praksiskoordinator Synne Bustad Pedersen.